fredag 30. mars 2012

Faglig leder

Faglig leder er leder for det akademiske arbeidet som gjøres i SR, representerer studentene i flere råd og utvalg, planlegger Fagkritisk dag og Perspektiv, og fører samtaler med ledelsen om hvordan studiene på MF kan bli enda bedre.


Mario Liavåg (23) 4. sem. teologi (profesjon)



Motivasjon: Eg tykkjer det er viktig at studentane sjølve trivst med og i sine eigne studiekvardagar. For å få til dette trur eg det er naudsynt at vi får fram studentane sine stemmer, at vi blir høyrt. Dette har eg erfaring med frå andre samanhengar både på MF og andre stader.


Emnetillitsvalt: Ordninga med emnetillitsvalt kan fungere som ein god måte å få gjennom dette engasjementet på og skape dialog mellom studentar og lærarar / MF som lærestad på. Sjølv kjenner eg på at det ikkje alltid er like enkelt å ta opp ting direkte med læraren det gjeld. Eg vil forsterke og vidareutvikle denne ordninga ilag med deg som student her til neste år.

Rom for diskusjon og refleksjon: Som fagleg leiar ynskjer eg også å arbeide for å skape fleire rom for fagleg/akademisk diskusjon og refleksjon. Her snakkar eg ikkje naudsynt om rom i fysisk forstand, men fleire arenaer der ein kan utveksle tankar og reflektere over det ein studerar. Fagkritisk dag, Perspektiv, lesegrupper med mange ulike og spanande temaer - som forøvrig er nytt frå i år - er tre eksemplar på gode arenaer ein kan arbeide vidare med for å opne meir opp for fagleg diskusjon og refleksjon.

Fag, emner: Korleis gje gode tilbakemeldingar slik at vi får best mogleg utbytte av studiet vårt? Kva skal vi ta vare på? Er det noko vi kan gjere med emner vi ynskjer endring på? Korleis få engasjement i og rundt timane/forelesningane? Hugs at det er mogleg å påvirke fag/emner du eventuelt skal ha seinare semester på MF!Eg har presentert nokre tankar sjølv, men det er ikkje meg sjølv eg skal jobbe for. Fyrst og fremst er fagleg leiar til, som SR forøvrig, for å betre studiekvardagen din her på MF. Eg treng innspel frå deg som student for korleis styrke og betre studiekvardagen. Fagleg leiar og SR er nærmast avhengig av at du som student kjem med innspel på kva ein bør ta tak i og arbeide med. Ser fram til eit godt samarbeid neste år dersom eg blir valt inn som fagleg leiar!

Liknande erfaring:

- Emnetillitsvalt: på ungdomsskula, vidaregåande, folkehøgskule og MF.

- Fagrådsmedlem: MF

- Organisasjonsliv: Det Norske Misjonsselskap, Kristen IdrettsKontakt, KFUK/M-speidaren, Kristenrussen, Kirkens Bymisjon og anna.

Ingen kommentarer: