Anders Hove (23, profesjonsstudiet i teologi)
Kven er du?
Anders på 23 år, frå Vik i Sogn. Teologistudent på 6. semester. Sportsinteressert, i hovudsak vintersport, fotball, sykling og snooker. Ihuga og entusiastisk Sogndal Fotball-patriot. Mangeårig medlem av KFUK/KFUM (KM) og glad i å engasjere meg der!
Kvifor engasjere deg? Erfaring?

Erfaring:
Leirsjef på PåskeTreff for Sogn og Fjordane KM 2010 og 2011
Leiar Ungdoms Utvalet til Oslo og Akershus KM april 2012-
Sikkerheitsansvarleg TT-underleir 2012
Festivalsjef Høstfestival 2012
Arrangementsansvarleg Nattvolleyball Cup 2013
Abonnements- og utsendingsansvarleg i Ung Teologi januar – august 2012
Redaktør Ung Teologi august 2012-
Førebilete?
Min bror Lars Magne. Han har lært meg kva små ting kan bety i eit stort liv. Og kor viktig og betydningsfull den tida kan vere. Og han har vist meg kor mykje ein kan bety for andre. Ikkje minst kor viktig det er, ikkje å bli sett, men å sjå andre og slik løfte dei opp og fram. Som leiarførebilete vil eg trekkje fram Sherman T. Potter (karakter frå M*A*S*H). Han viser på ein flott måte at ein ikkje må vere streng og kald for å vere ein sterk og god leiar. Og at dei du leier gjer det best, om dei får vere seg sjølv mest mogeleg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar